AA
  • Forside
  • Aktuelt
  • – Me treng ikkje å bli bada i «nye» ord som ikkje uttrykkjer noko nytt. «Omstilling» er ikkje nytt.

– Me treng ikkje å bli bada i «nye» ord som ikkje uttrykkjer noko nytt. «Omstilling» er ikkje nytt.

  • Illustrasjon: Anette Pettersen
spenn logo

DEL

TWITTER
FACEBOOK
LINKEDIN

Temaet, både i magasinet SPENN og tida, er omstilling.

Dessutan er det slik at kommunane bør bli meir robuste (at dei bør blir betre, vågar visst ikkje ein gong Sanner å påstå). Endeleg bør me vera innovative og gå hugheilt inn for det grøne skiftet. Orda er mange. Dette var berre fire. Felles for denne type ord er at folk ikkje har bedd om å få dei. Like fullt blir dei serverte oss, dag ut og dag inn. Har du møtt nokon som har sagt at no var det jammen på tide at me fekk ordet innovativt? Me har venta så! (Ordet kjem frå latin novus som tyder ’ny’, lite mystisk.) Kvifor sirkulerer desse orda då?

«DET SVARAR SEG IKKJE Å PYNTA PÅ RØYNDOMMEN MED ORD. ALDRI!»

Svaret er like banalt som det er nedslåande. Det er miljø utan sans for språkkvalitet som står bak denne ordspreiinga – miljø i politikk og i næringsliv. Offentleg administrasjon står sjeldan bak ordlaging; dei plar berre dilta etter og ta i bruk fine
ord når dei trur at det er på tide å visa at dei følgjer med. Misforstå ikkje; me treng nye ord, heile tida. Men me treng ikkje å bli bada i «nye» ord som ikkje uttrykkjer noko nytt. «Omstilling» er ikkje nytt. Mennesket har stått i omstilling så lenge det har vore menneske. Men det blir framstilt som at no, no er det viktig med «omstilling»! Det er å fortelja at keisaren har klær på, sjølv om han er naken!

Innovasjon Norge er, som kjent, ein sentral aktør. Kor mykje skaparkraft genererer det namnet? Det er eit namn som osar av total mangel på originalitet. Bokstavane HR fortener òg ein lynvisitt. Eg har sjekka i arbeidslivet; mange kjem ikkje på
i farten at HR står for «human resources». Altså personale. Ikkje noko ligg under HR som ikkje også kunne ha med personalet å gjera. HR-retorikken er fjollet og forfeila når dei fleste likevel berre delvis er med når dei møter dei to bokstavane.

Nedbemanning handlar (i hovudsak) om å seia opp folk. Mange blir provoserte av uttrykket, for alle skjønar jo at det blir brukt for å Universitetet i Agder «pynta på» røyndommen. Det er misforstått respekt for dei det gjeld; dei fleste ville ha hatt

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim

meir respekt for ein arbeidsgjevar som snakka om oppseiing, rett ut, også offentleg, når dét var det dekkjande ordet. Det svarar seg ikkje å pynta på røyndommen med ord. Aldri! Det er overtru, ei overtru som dessverre er utbreidd, at berre du
kjem med nye bokstavar i form av eit nytt ord, så har du kome med ei ny forestilling. Då tenkjer folk straks annleis. Nei. Folk kjøper ikkje eit ord, berre fordi nokon seier at dei skal kjøpa det. Meininga til orda sit ikkje i bokstavane, ho sit i hovudet.

Og vanlege mottakarar, dei verdset respektfull og klar kommunikasjon.

VIL DU MOTTA SPENN I POSTEN?

Annonse

Tagger:,

Våre hovedsamarbeidspartnere

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?

Fyll ut skjemaet nedenfor