AA

– Vår regjering er sinke i klimapolitikken

  • Sylfest Lomheim, spaltist i Spenn.
spenn logo

DEL

TWITTER
FACEBOOK
LINKEDIN

Å ikkje kunna skilja mellom tull og fakta er visst moderne. Det er skummelt.

På toppmøtet i Marrakech la Norge fram klimarapporten sin, illustrert – truleg lett humoristisk – med Munchs Skrik. For sanninga er at det skjer lite hos oss som monnar. Utsleppa har tvert om gått opp, også i 2015! Regjeringa snakkar iherdig om det grøne skiftet og omstilling. Det er ei gåte korleis Norge skal nå dei måla innan 2020 som er lova.

Illustrasjon: Anette Pettersen

Illustrasjon: Anette Pettersen

Men – kva slags ord er klima? Kva kjem det av? Det er gresk og tyder «helling». Hellinga, skråninga, på jordkula i forhold til sola bestemmer (i hovudsak) klimaet. Miljø har me teke beint frå fransk «milieu», midten eller midt i. Miljøet er det me lever i, det som er omkring oss.

«Det er ei gåte korleis Norge skal nå dei måla innen 2020 som er lova»

Adjektivet bærekraftig vart til på norsk i 1987 då FN-rapporten til Gro om klimaet kom og sustainable skulle få ei norsk omsetjing. Ordet er dessverre øydelagt. Ein klisjé ingen oppegåande lenger tek i sin munn. Eg har notert både «bærekraftige bønder» og «bærekraftige plastposar».

Nesten kvar kveld i haust har NRK og TV 2 hatt krim i nyheitene. Kva er vitsen? Me veit jo det skjer brotsverk, me veit at politiet har ansvar for å etterforska. Fersk statistikk viser at økonomi og kultur er langt sjeldnare nyheitssaker. Og klima, utslepp, oppvarming endå sjeldnare. Til og med sjeldnare enn for fem år sidan. Er dei redde for å driva «politikk»? Det er politikk å lata vera. Og våre politikarar slepp unna. Danmark arbeider målretta for å gjera seg uavhengig av olje og gass. Dei planlegg tusenar av arbeidsplassar. Innan 2050 skal dei produsera meir fornybar energi enn det dei bruker. For dei skal også gradvis
redusera forbruket. Har dette vore toppsak i Dagsrevyen? Nei. Skam.

Og skam er det at vår regjering er sinke i klimapolitikken. Danmark er i ferd med å bli eit føredøme. «Klima er ingen politisk vinnersak verken i USA eller i Norge», skriv Ola Storeng, økonomiredaktør i Aftenposten. Då er det sant. Men evangeliet frå nærsynte teknopredikantar er at teknorevolusjonen kan snu opp ned på alt; det vil gi varig vekst.

Trump tvitra: «This very expensive GLOBAL WARMING bullshit has got to stop. Our planet is freeezing, record low temps, and our GW scientists are stuck in ice.» Klimaforskar Kjetil Isaksen skriv i Aftenposten om Svalbard og Nordpolen at han «ikke er bekymret. Jeg er skremt». Internasjonale forskarar borar i isen i Antarktis. Dei viser – og beviser – at det i vår tid skjer dramatiske endringar. Hjelper det? Nei, folk gjer sine val og handlingar ut frå tru. Det er ikkje grenser for kva folk trur. Å ikkje kunna skilja mellom tull og fakta er visst moderne. Det er skummelt. Nesten like skummelt som oppvarminga.

VIL DU MOTTA SPENN I POSTEN?

Annonse

Tagger:, ,

Våre hovedsamarbeidspartnere

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?

Fyll ut skjemaet nedenfor